Utleige
Me leiger ut Skjold Arena til både privatpersonar og bedrifter. Her kan du arrangere idrettsarrangement, messer, festar, konsertar, dansegalla, konfirmasjonar, bryllup, dåp osb.

Hallen er 22 x 42 meter og har plass til ca 1200 personer. Det er 4 garderobar tilknytta hallen, samt tribune med plass til ca 200 personar.

Kultursalen har plass til 300-350 stolar ved konsertar, revy etc og det kan dekkast til 300 personar. Salen er 12 x 22 meter og har ein stor scene. Sidesalen måler 6 x 12 meter , her kan dekkes til 60-70 personar. Sidesalen har også en bar og sofagrupper 6 x 6 meter, sidesalen kan og lukkast med foldedører mot kultursalen.

Konferansesalen har plass til 60 personar og ligg vegg i vegg med kjøkenet. Konferansesalen kan òg nyttast som kafé.

Skjold Arena samarbeider med U.L. Skjoldafjord om lyd og lys. Lysrigg er fastmontert i Kultursalen. 


Kontaktperson, utleige:

Siri Alice Nonslid: nonslid.siri@gmail.com eller 916 33 811


Utleige av Hallen
Utleige av Konferansesalen
Utleige av Kultursalen